1 Vi vil no kunngjera dykk, sysken, kva nåde Gud har vist forsamlingane i Makedonia.
2 For sjølv om dei har vore hardt prøvde i si naud, har den overstrøymande gleda og djupe fattigdomen deira gjort dei rike og villige til å gje.
3 Dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det frivillig.
4 Inderleg bad dei om å få vera med på gåva saman med oss i denne tenesta for dei heilage.
5 Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det.
6 Difor bad vi Titus om å gjera ferdig den gåva han alt hadde byrja på hos dykk.