3 Dei gav etter evne, det kan eg vitna, ja, over evne, og det frivillig.
4 Inderleg bad dei om å få vera med på gåva saman med oss i denne tenesta for dei heilage.
5 Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det.
6 Difor bad vi Titus om å gjera ferdig den gåva han alt hadde byrja på hos dykk.
7 De har overflod av alt, av tru og tale, av kunnskap og iver og av kjærleiken frå oss, den som no bur i dykk. Så må de òg la overfloda visa seg i denne gåva.
8 Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hos dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.
9 De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike.