4 Eg vil ikkje at det skal koma nokon frå Makedonia saman med meg og finna at de ikkje er førebudde. For då ville heile tiltaket berre føra skam over oss – for ikkje å snakka om dykk!
5 Eg syntest difor eg var nøydd til å be brørne fara til dykk på førehand og i god tid samla inn den gåva som de har lova. Så kan ho liggja ferdig som ei velsigning og ikkje som ei gniargåve.
6 Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning.
7 Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
8 Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål,så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng,ja, ha overflod til all god gjerning.
9 For det står skrive: Han strødde ut og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara.
10 Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.