1 Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som har fått den same dyrebare tru som vi gjennom rettferda frå vår Gud og frelsar Jesus Kristus.
2 Nåde og fred vere med dykk i rikt mål ved at de kjenner Gud og Jesus, vår Herre!
3 Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke.
4 Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.
5 Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt,
6 innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt,
7 gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.