3 Ja, alt vi treng for å leva i gudsfrykt, har hans guddomlege makt gjeve oss i gåve ved at vi kjenner han som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke.
4 Dermed har han gjeve oss dei største og mest dyrebare lovnader. Ved dei skulle de få del i guddomleg natur når de har kome dykk fri frå forfallet, som kjem frå lystene i verda.
5 Set difor all dykkar iver inn på å la trua gå i følgje med eit rett liv, og det rette livet med innsikt,
6 innsikta med måtehald, måtehaldet med tolmod, tolmodet med gudsfrykt,
7 gudsfrykta med syskenkjærleik og syskenkjærleiken med kjærleik til alle.
8 For når alt dette finst hos dykk og får veksa, då blir de ikkje uverksame eller utan frukt, de som kjenner vår Herre Jesus Kristus.
9 Men har du ikkje dette, er du nærsynt, ja, blind; du har gløymt at du er reinsa for dine gamle synder.