1 Men det fanst òg falske profetar i folket, og på same måten skal det stå fram falske lærarar mellom dykk. Dei skal lura inn vranglære som fører til undergang, og til og med fornekta Herren som har kjøpt dei fri. Dermed fører dei ein brå undergang over seg sjølve.
2 Mange kjem til å følgja dei i deira skamlause liv, og for deira skuld blir sanningsvegen spotta.
3 Dei er grådige og fer med oppdikta ord for å få pengar ut av dykk. Men dei har alt lenge hatt dommen hangande over seg, og undergangen ligg og lurer på dei.
4 For Gud sparte ikkje englar som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei blir haldne i varetekt med lenkjer i mørkret heilt til dommen.