19 Dei lovar fridom, men sjølve er dei slavar av forfallet. Det ein ligg under for, er ein òg slave av.
20 For når nokon har kome fri frå det ureine i verda og har lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og dei så på nytt lèt seg fanga av det ureine og ligg under for det, då står det verre til enn før.
21 Det hadde vore betre for dei om dei aldri hadde lært å kjenna rettferds veg, enn at dei først kjende han og så vende seg bort frå det heilage bodet dei hadde fått overlate.
22 Då har det gått med dei som det heiter så sant i ordtaket: «Hunden snur seg til sitt eige spy» og: «Ikkje før er grisen vaska, så velter han seg i søla».