5 Heller ikkje sparte han den gamle verda. Det var berre Noah, som forkynte rettferd, og sju andre han berga då han lét storflaumen koma over ei verd av ugudelege.
6 Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
7 Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde.
8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alle deira lovlause gjerningar.
9 Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag,
10 først og fremst dei som følgjer dei ureine lystene i sitt kjøt og blod og foraktar Herrens herredøme. Dei er frekke og eigenrådige og spottar dei himmelske maktene utan å skjelva.
11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.