6 Byane Sodoma og Gomorra la han i oske og dømde dei til undergang; han gjorde dei til ei åtvaring for dei som seinare ville leva eit ugudeleg liv.
7 Men han berga den rettferdige Lot, som leid når han såg kor skamlaust dei lovlause levde.
8 Ja, denne rettferdige mannen, som budde midt imellom dei, pintest dag ut og dag inn i si rettferdige sjel når han såg og høyrde alle deira lovlause gjerningar.
9 Så veit då Herren å berga dei gudfryktige ut or prøvingar, men dei urettferdige held han i varetekt til straffa på dommens dag,
10 først og fremst dei som følgjer dei ureine lystene i sitt kjøt og blod og foraktar Herrens herredøme. Dei er frekke og eigenrådige og spottar dei himmelske maktene utan å skjelva.
11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei ber fram klagemål frå Herren mot slike makter.
12 Men desse menneska spottar det dei ikkje kjenner. Dei er som vitlause dyr, av naturen bestemte til å bli fanga og gå til grunne. Så skal dei òg gå til grunne i sitt forfall