1 Dette er alt det andre brevet eg skriv til dykk, mine kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykkar reine sinn ved å minna dykk om
2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren.
3 Først og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som følgjer sine eigne lyster, som spottar
4 og seier: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»
5 Dei som seier så, gløymer at det frå eldgammal tid var himlar og ei jord som i kraft av Guds ord vart til av vatn og ved vatn.