1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter Guds vilje, utsend med lovnaden om liv i Kristus Jesus,
2 helsar Timoteus, mitt kjære barn: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
3 Med takk til Gud, som eg tener med reint samvit slik fedrane mine gjorde, hugsar eg stadig på deg natt og dag i bønene mine.
4 Eg hugsar tårene dine, og eg lengtar etter å få sjå deg att – det ville fylla meg med glede.
5 Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!
7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.