5 Eg tek på nytt fram i minnet den ærlege trua di, som først budde i Lois, mormor di, og i Evnike, mor di. Eg er viss på at ho òg bur i deg.
6 Difor vil eg minna deg om dette: Lat Guds nådegåve i deg flamma opp på nytt, den du fekk då eg la hendene på deg!
7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.
8 Du skal ikkje skamma deg over vitnemålet om vår Herre og heller ikkje over meg som er fange for hans skuld, men ber lidingane for evangeliet, du òg, i den kraft som Gud gjev.
9 Han har frelst ossog kalla oss med eit heilagt kall,ikkje på grunn av gjerningane våre,men etter sin eigen vilje og nåde,den som er gjeven oss i Kristus Jesusfrå evige tider,
10 og som no har vorte openberradå vår frelsar Kristus Jesus kom til jord.Han har gjort ende på dødenog ført udødeleg livfram i lyset ved evangeliet.
11 For det er eg sett til herold, apostel og lærar.