11 Det er eit truverdig ord:Har vi døydd med han,skal vi òg leva med han.
12 Held vi ut,skal vi òg herska i lag med han.Fornektar vi,skal han òg fornekta oss.
13 Er vi trulause,så er han endå trufast,for han kan ikkje fornekta seg sjølv.
14 Dette skal du minna dei om! For Guds andlet skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på.
15 Gjer det du kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar.
16 Vend ryggen til gudlaus og tom tale. For dei som talar slik, går berre lenger og lenger i gudløyse,
17 og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneos og Filetos.