22 Legg ungdomslystene bak deg. Jag etter rettferd, truskap, kjærleik og fred, saman med dei som kallar på Herren av eit reint hjarte.
23 Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du avvisa, for du veit at dei føder strid.
24 Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid. Nei, han skal vera venleg mot alle, god til å undervisa og villig til å tola vondt,
25 så han er mild når han talar til rette dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei å venda om, så dei lærer sanninga å kjenna.
26 Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.