23 Men tåpelege ordskifte, som ingen lærer noko av, skal du avvisa, for du veit at dei føder strid.
24 Ein Herrens tenar må ikkje liggja i strid. Nei, han skal vera venleg mot alle, god til å undervisa og villig til å tola vondt,
25 så han er mild når han talar til rette dei som seier imot. For kanskje vil Gud ein gong gje dei å venda om, så dei lærer sanninga å kjenna.
26 Då kan dei vakna av rusen og koma seg ut or den snara djevelen har fanga dei i, så dei må gjera hans vilje.