3 Ber lidingane du òg som ein god stridsmann for Kristus Jesus.
4 Ingen soldat hefter seg med dei daglege gjeremål, for han vil gjera som hærføraren seier.
5 Og ein som driv idrett, må følgja reglane for å vinna sigerskransen.
6 Bonden som har hatt strevet, skal få først av grøda.
7 Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.
8 Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.
9 For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde!