6 Bonden som har hatt strevet, skal få først av grøda.
7 Tenk over det eg seier! For Herren skal gje deg innsikt i alt.
8 Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.
9 For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde!
10 Difor toler eg alt for dei utvalde, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom.
11 Det er eit truverdig ord:Har vi døydd med han,skal vi òg leva med han.
12 Held vi ut,skal vi òg herska i lag med han.Fornektar vi,skal han òg fornekta oss.