10 Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut,
11 og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle.
12 Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde.
13 Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill.
14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.
15 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus.
16 Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd,