2 Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage,
3 ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode,
4 svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud.
5 Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk!
6 Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster,
7 og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna.
8 Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.