8 Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.
9 Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.
10 Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut,
11 og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle.
12 Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde.
13 Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill.
14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.