1 Så sant som han kjem og opprettar sitt rike, byd eg deg framfor Guds og Kristi Jesu andlet, han som skal dømma levande og døde:
2 Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising!
3 For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hovud tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret.
4 Dei skal venda øyret frå sanninga og halda seg til mytar.
5 Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!