10 For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia.
11 Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.
12 Tykikos har eg sendt til Efesos.
13 Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane.
14 Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal gje han att etter hans gjerningar.
15 Pass deg for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.
16 Første gongen eg forsvara meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må bli tilrekna dei!