12 Tykikos har eg sendt til Efesos.
13 Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane.
14 Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal gje han att etter hans gjerningar.
15 Pass deg for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.
16 Første gongen eg forsvara meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må bli tilrekna dei!
17 Men Herren var med meg og styrkte meg, så forkynninga skulle fullførast og alle folkeslag få høyra – og eg vart berga ut or løvegapet.
18 Ja, Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere ære i all æve! Amen.