7 Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.
8 No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.
9 Skund deg og kom til meg så fort du kan.
10 For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia.
11 Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.
12 Tykikos har eg sendt til Efesos.
13 Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane.