1 Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg i sanning elskar.
2 Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.
3 Eg vart inderleg glad då nokre av syskena våre kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga, korleis du lever i henne.
4 Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.
5 Kjære deg, du er trufast i all di gjerning for syskena våre, ja, til og med for dei som er framande.
6 I forsamlinga her har dei vitna om kjærleiken din. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på reisa. Det er rett for Gud.