11 Kjære deg, du må ikkje etterlikna det vonde, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.
12 Alle gjev Demetrios dei beste vitnemål, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.
13 Eg har enno mykje å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva det med papir og blekk.
14 For eg håpar å sjå deg snart, så vi kan tala saman, andlet til andlet.
15 Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild med namn.