1 I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte
2 og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut.
3 Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.
4 Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg.
5 For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»
6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»
7 Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.