14 Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.
15 Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske.
16 «Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus.
17 Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag.
18 For den løna han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han fall hovudstups så buken rivna og alle innvolane valt ut.
19 Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og på sitt eige mål kallar dei difor åkeren Hakeldama – det tyder Blodåkeren.
20 For det står skrive i Salmane: Lat bustaden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan overta hans oppdrag!