14 «Det kan eg ikkje, Herre!» svara Peter. «Aldri har eg ete noko vanheilagt eller ureint.»
15 Då tala røysta til han andre gongen: «Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.»
16 Dette hende tre gonger, og så vart duken teken opp att til himmelen.
17 Som no Peter var i villreie om kva det kunne tyda, det synet han hadde hatt, kom mennene frå Kornelius. Dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten.
18 Dei ropa inn og spurde om Simon med tilnamnet Peter budde der.
19 Og medan Peter endå grunda på synet, sa Anden til han: «Her er tre menn som spør etter deg.
20 Skund deg og gå ned! Du skal følgja dei utan å nøla, for det er eg som har sendt dei.»