24 Neste dag nådde dei Cæsarea. Kornelius venta dei og hadde bede saman slektningane og dei næraste venene sine.
25 Som no Peter skulle gå inn, kom Kornelius imot han, kasta seg ned for føtene hans og tilbad han.
26 Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er eit menneske, eg òg.»
27 Medan dei snakka saman, gjekk dei inn. Der fann han mange som hadde samla seg,
28 og han sa til dei: «De veit at det ikkje er tillate for ein jøde å omgåast eller vitja nokon frå eit anna folk. Men meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.
29 Difor kom eg utan motmæle då eg vart bodsend. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?»
30 Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.