26 Men Peter reiste han opp og sa: «Stå opp! Eg er eit menneske, eg òg.»
27 Medan dei snakka saman, gjekk dei inn. Der fann han mange som hadde samla seg,
28 og han sa til dei: «De veit at det ikkje er tillate for ein jøde å omgåast eller vitja nokon frå eit anna folk. Men meg har Gud vist at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.
29 Difor kom eg utan motmæle då eg vart bodsend. Men no spør eg: Kvifor har de sendt bod etter meg?»
30 Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.
31 ‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige.
32 Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’