30 Då sa Kornelius: «For tre dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt. Det var på same tid som no, i den niande timen. Med eitt stod det ein mann i lysande klede framfor meg.
31 ‘Kornelius’, sa han, ‘Gud har høyrt bøna di og har kome i hug at du gjev til dei fattige.
32 Send bod til Jaffa og be Simon med tilnamnet Peter koma hit! Han held til hos garvaren Simon, som bur nedmed sjøen.’
33 Då sende eg straks bod etter deg, og du gjorde vel som kom. No står vi alle her for Guds andlet og vil høyra alt som Herren har pålagt deg å seia.»
34 Då tok Peter til orde og sa: «No skjønar eg i sanning at Gud ikkje gjer forskjell på folk,
35 men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, same kva folkeslag dei høyrer til.
36 Dette var det ordet han sende til Israels folk, den gode bodskapen om fred ved Jesus Kristus, han som er Herre over alle.