6 Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.»
7 Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane.
8 Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.
9 Dagen etter, medan dei var på vegen og nærma seg byen, gjekk Peter opp på taket for å be. Det var omkring den sjette timen.
10 Då vart han svolten og ville få seg mat. Medan dei laga til maten, kom han i ekstase,
11 og han såg himmelen open og noko koma dalande ned. Det såg ut som ein stor duk som vart firt ned på jorda etter dei fire hjørna.
12 I duken var det alle slags dyr som lever på jorda, firføtte dyr og krypdyr, og alle slags fuglar under himmelen.