17 Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»
18 Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om til livet!»
19 Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar.
20 Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, forkynte dei evangeliet om Herren Jesus for dei gresktalande òg.
21 Og Herrens hand var med dei. Svært mange kom til tru og vende om til Herren.
22 Ordet om det som hadde hendt, kom forsamlinga i Jerusalem for øyret, og dei sende Barnabas til Antiokia.
23 Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han formana dei alle til å halda heilhjarta fast ved Herren.