6 Eg såg nøye på det og granska det, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane under himmelen.
7 Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: ‘Stå opp, Peter! Slakt og et!’
8 ‘Det kan eg ikkje, Herre!’ svara eg. ‘Aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.’
9 Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: ‘Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.’
10 Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen.
11 I det same stod det tre menn utanfor det huset vi var i. Dei var sende til meg frå Cæsarea.
12 Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen.