10 Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han.
11 Då Peter fekk sansa seg, sa han: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut av hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket går og ventar på.»
12 Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.
13 Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp.
14 Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.
15 «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.»
16 Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.