12 Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.
13 Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp.
14 Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.
15 «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.»
16 Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.
17 Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.
18 Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter?