4 Han kasta Peter i fengsel, og fire vaktskift, kvart på fire mann, skulle halda vakt over han. Så ville han føra han fram for folket etter påske.
5 Peter vart no halden i fengselet. Men forsamlinga bad inderleg til Gud for han.
6 Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lenkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengselet.
7 Då med eitt stod ein engel frå Herren der, og det skein eit lys i rommet. Engelen dytta Peter i sida, vekte han og sa: «Skund deg og stå opp!» Med det same datt lenkjene av hendene hans,
8 og engelen sa til han: «Bind beltet om deg og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og følg meg!»
9 Peter følgde han ut. Men han skjøna ikkje at det engelen gjorde, var verkeleg; han trudde det var eit syn.
10 Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han.