6 Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lenkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengselet.
7 Då med eitt stod ein engel frå Herren der, og det skein eit lys i rommet. Engelen dytta Peter i sida, vekte han og sa: «Skund deg og stå opp!» Med det same datt lenkjene av hendene hans,
8 og engelen sa til han: «Bind beltet om deg og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og følg meg!»
9 Peter følgde han ut. Men han skjøna ikkje at det engelen gjorde, var verkeleg; han trudde det var eit syn.
10 Dei gjekk framom den første og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv. Dei gjekk ut og heldt fram nedover den første gata. Der vart engelen brått borte for han.
11 Då Peter fekk sansa seg, sa han: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut av hendene på Herodes og frå alt det som jødefolket går og ventar på.»
12 Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.