1 I Antiokia, i forsamlinga som fanst der, var det nokre profetar og lærarar. Der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til landsfyrsten Herodes, og Saulus.
2 Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.»
3 Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.
4 Dei som såleis var utsende av Den heilage ande, drog først ned til Selevkia, og derifrå segla dei til Kypros.