13 Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem.
14 Dei andre drog vidare frå Perge og kom til Antiokia ved Pisidia. På sabbatsdagen gjekk dei inn i synagogen og sette seg.
15 Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane helsing ned til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til oppmuntring for folket, så tal!»
16 Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:«Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg!
17 Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå.
18 I om lag førti år bar han over med dei i øydemarka.
19 Han rydda ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige.