16 Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:«Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg!
17 Han som er Gud for Israelsfolket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med lyft arm førte han dei ut derifrå.
18 I om lag førti år bar han over med dei i øydemarka.
19 Han rydda ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige.
20 Det gjekk om lag 450 år. Sidan gav han dei dommarar. Den siste av dei var profeten Samuel.
21 Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen, og han var konge i førti år.
22 Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’