2 Ein gong medan dei feira gudsteneste for Herren og fasta, sa Den heilage ande: «Ta no ut Barnabas og Saulus for meg til den gjerning eg har kalla dei til.»
3 Då heldt dei faste og bøn, la hendene på dei og lét dei fara.
4 Dei som såleis var utsende av Den heilage ande, drog først ned til Selevkia, og derifrå segla dei til Kypros.
5 Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogane. Dei hadde Johannes som medhjelpar.
6 Dei reiste over heile øya og kom til Pafos. Der støytte dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.
7 Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.
8 Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.