20 Det gjekk om lag 450 år. Sidan gav han dei dommarar. Den siste av dei var profeten Samuel.
21 Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamin-stammen, og han var konge i førti år.
22 Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’
23 Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus.
24 Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket.
25 Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’
26 Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.