22 Men Gud avsette han og reiste opp David til konge over dei. Han fekk dette vitnemålet av Gud: ‘Eg har funne David, son til Isai, ein mann etter mitt hjarte. Han skal gjera alt det eg vil.’
23 Av hans etterkomarar lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova. Det er Jesus.
24 Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israelsfolket.
25 Og då Johannes fullførte livsløpet sitt, sa han: ‘Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem ein, og eg er ikkje verdig til å løysa sandalen av foten hans.’
26 Brør, de som er av Abrahams ætt, og de andre som ottast Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.
27 For dei kjende han ikkje, folket i Jerusalem og leiarane deira. Men dei dømde han, og med det oppfylte dei profetorda som blir lesne opp kvar sabbat.
28 Sjølv om dei ikkje fann noko som dei kunne dømma han til døden for, kravde dei at Pilatus skulle drepa han.