27 For dei kjende han ikkje, folket i Jerusalem og leiarane deira. Men dei dømde han, og med det oppfylte dei profetorda som blir lesne opp kvar sabbat.
28 Sjølv om dei ikkje fann noko som dei kunne dømma han til døden for, kravde dei at Pilatus skulle drepa han.
29 Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå treet og la han i ei grav.
30 Men Gud reiste han opp frå dei døde,
31 og i mange dagar synte han seg for dei som hadde gått saman med han frå Galilea og opp til Jerusalem, desse som no er hans vitne for folket.
32 Og no kjem vi til dykk med den gode bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre,
33 den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.