31 og i mange dagar synte han seg for dei som hadde gått saman med han frå Galilea og opp til Jerusalem, desse som no er hans vitne for folket.
32 Og no kjem vi til dykk med den gode bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre,
33 den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.
34 Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast.
35 Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning.
36 David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning.
37 Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning.