34 Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast.
35 Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning.
36 David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning.
37 Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning.
38 Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova,
39 det blir kvar den som trur, frikjend for ved han.
40 Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk: