37 Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning.
38 Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova,
39 det blir kvar den som trur, frikjend for ved han.
40 Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk:
41 Sjå, de som er fulle av forakt, de skal undra dykk og bli til inkjes. For eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje ville tru om det vart dykk fortalt.»
42 Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.
43 Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.