43 Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
44 Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord.
45 Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte.
46 Då svara Paulus og Barnabas med frimod: «Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane.
47 For dette er Herrens bod til oss: Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag, så du skal bera frelse til enden av verda.»
48 Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var bestemte til evig liv.
49 Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.